Brukarmøte i Flora Hamn KF 02.06.17

av jun 7, 2017

Godt oppmøte på vårens brukarmøte ga mange gode innspel og diskusjonar.

Vårens brukarmøte i hamna vart holdt 02 juni. Den nye hamnesjefen fekk både introdusert seg sjølv og fekk ein presentasjon av brukarane i hamna.

Ny skysstasjon

Hamnesjefen informert vidare om prosjekt som pågår i hamna. Fiskerikaia på Hesteneset er no ferdig, men det gjenstår midlertidig brukstillatelse og veg med teknisk infastruktur. Den nye skysstasjonen på Fugleskjærskaia som skal byggast er no nærare realisering. Prosjektleiarstilling er lyst ut og planlegging med riving pågår. Det skal heile tida vere full aktivitet med rutetrafikk under riving og bygging, så det er viktig frå hamna si side med ein god logistikk der tryggleiken til dei mjuke trafikantane vert i fokus. Når stasjonen står ferdig vert det eit logistikknutepunkt for all kollektiv transport i Floraregionen. Taxibåtane og den nye losbåten ønskjer hamna å samle på same brygge, og vi jobber med å få utvide denne. Det vart presisert frå brukarane av denne viktigheten av dette arbeidet, så her må hamna ha fokuset oppe vidare. Der vil også den nye arbeidsbåten til Flora Hamn komme til neste år. Anbodet går ut i desse dagar, og båten skal vere klar til neste sommar. Dette vil skaffe hamna eit godt arbeidsverktøy som gir større rekkevidde. Det vil også vere mogleg for andre å leige båten med førar når denne er klar. Elles er det framleis planlagt å utvide Fugleskjærskaia 60 m vestover, utan at det vert gjort i næraste framtid. Fugleskjærskaia vert også oppgradert med eit nytt adgangskontrollsystem som skal stå ferdig i august.

Landstraum og infrastruktur rundt på kaiene var nok det som engasjerte brukarane mest. I haust skal det byggast ny landstraum i Gunhildvågen. Dette vil vere 400V/125A, men det vart også etterlyst oppgradering til 230V/125A av fiskeflåten. Straum og anna teknisk infrastruktur er noko hamna ser behov for å utbetre fleire stader, og det er noko som vil bli tatt litt etter litt.

Ny hamneplan

I 2018 vert arbeidet starta med å lage ein ny hamneplan. Den gamle frå 2006 begynner å bli utdatert og det er klart for eit løft i kva moglegheiter og langtidsplanar som ligg i hamna. Dette for at Florø skal vere ei attraktiv hamn også i framtida. I dette arbeidet kjem alle brukarane til å bli invitert til innspel og diskusjon, slik at vi får eit best mogleg totalprodukt.

Anløpsstatistikk

Driftsleiar Jostein Lange Bergset hadde ein gjennomgang både rundt prisar og anløpsstatistikk. Her vart både dei offentlege kaiene og dei private presentert. Det er ein generell nedgang på gods over kai, men NSE-Seljestokken, Slakteriet og Felleskjøpet er private aktørar som bidreg positivt med aukande eller stabil kurve for åra 2012 til 2016. Det vart også fortalt litt om bakgrunnen for prisinga i hamna; anløpsavgift skal gå til sikring av farvatnet og vederlaga til bygging av kaier og infrastruktur. Prisinga heng saman med prosjekta vi gjennomfører, og vi får ikkje gjennomført noko utan inntekter. Det er også viktig at hamna er flink å søke Kystverket eller andre når det er tilgjengelege midlar. Når ein samanliknar oss med andre hamner er vi dyre på nokre områder og billegare på andre, det kjem an på storleik, fartstype og bruk. Før neste års prisregulativ vert satt skal hamna gjennomføre ein benchmarking der regulativa vert samanlikna med nabohamner, og der vert det sett på absolutt alt frå anløpsavgift, ISPS-vederlag og sakshandsamingsgebyr.

Innspel frå brukarane

I innkallinga til brukarmøtet vart det oppfordra alle å sende inn tema i forkant av møtet. Fiskarlaget hadde spelt inn fleire, og det vart ein god diskusjon rundt dette. Det gjelder både kommunikasjon, infrastruktur på kaiene, priser og bruk av areal. Noko av det vart svart på i møtet, andre ting må jobbast vidare med. Av andre tilbakemeldingar som kom opp var viktigheten av samlokalisering av taxibåtane, og ønskje om gratis internett i gjestehamna. Her er det tilbod om internett i dag, men det er ein betalteneste. Det kom spørsmål om kva oppdrettarane skulle gjere når det vart ankra for tett opp i oppdrettsanlegga. Det varierer på kor det er, om det er hamna/kommunen sitt ansvar eller Kystverket sitt ansvar, men det er berre å ta kontakt med hamnevakta så hjelper dei. Dei har vakt 24/7. Alt i alt var det eit godt møte, med mange gode tilbakemeldingar, også ønskjer Flora Hamn KF og ha tett kontakt med brukarane sine også utanom dei halvårlege brukarmøtene. Om brukarane har tilbakemeldingar, forbetringspunkt, gode idear eller spørsmål er det berre å ta kontakt på mail, telefon eller komme innom hamnekontoret på Fugleskjærskaia.