Andre gangs høyring: Hamneplan 2020-2040

av

Hamneplan 2020-2040, vedtatt i hamnestyret 08.10.2020, vert no sendt til høyring. Høyringsperiode er 04.11.2020 til 25.11.2020. Den skal etter det vidare til kommunestyret i Kinn for endeleg handsaming.

 

Høyringsinnspel sendast til hamn@kinn.kommune.no, merk e-post med «innspel til hamneplan på vegne av <namn på bedrift, rederi, privatperson>». Innspelsfrist 25.11.2020.

 

Hamneplanen 2020-2040 skal erstatte hamneplanen frå 2006. Det har i 2018 vert holdt innspelsrunder og 25.01.2019 vedtok hamnestyret første utkast som vart sendt på høyring våren 2019. Mange gode innspel kom inn, og særskilt lokasjon av godsterminal har engasjert. Då dette er ei så viktig avgjersle både for næringslivet, hamna og byen, meldte hamnestyret at dei ønskja å gå grundigare igjennom faktagrunnlaget, muligheitene og konsekvensane rundt dei ulike alternativa. Det vart mellom anna holdt ein simulatortest i 2020 rundt innseglinga til næringsområdet i Gunhildvågen, samt eit oppfølgingsmøte med næringslivet i etterkant av simulatortesten. Dette dannar grunnlaget for utkastet som no er til høyring.

 

Hamneplan 2020-2040 til høring: Hamneplan 2020-2040

Logg frå innspelsrunde 2018 og høyringsrunde i 2019: Logg

Førre utkast til høyring våren 2019: Hamneplan 2019-2040

Gjeldane hamneplan frå 2006: Hamneplan 2006

 

Framside Hamneplan 2020-2040