ANDREA ER DEN NYE PROSJEKTLEIAREN I FLORA HAMN KF

av

Gyda Folkedal har hatt permisjon frå si faste stilling for å jobbe som prosjektleiar i Flora hamn KF i eitt år. No skal ho tilbake, og i samband med dette har Flora hamn KF tilsett Andrea Camilla Bjørkaas Hall som ny prosjektleiar. Ho startar i stillinga 03.12.18.

Andrea er født i Florø og voks opp på Texasmarka ved Flora VGS. Andrea har studert i England frå 2006 til 2012, og har ein Master (Msc) i Project Management. Etter endt studie jobba Andrea som prosjektleiar i Flora kommune, teknisk drift, i eit 15 månaders engasjement. Ho har deretter jobba i England med både internasjonale og engelske firma. Ho gleder seg til å flytte heim att til Florø, og leie eit av dei mest synlege prosjekta i Florø sentrum.

Vi er trygg på at Andrea har den rette kompetansen og erfaringa til å dra prosjektet heilt i mål, og ønskjer ho
hjarteleg velkommen i Flora hamn KF!