Brukarmøte og kollektivterminal

av

Brukarmøtet i Florø hamn KF vart til slutt eit bra møte, men kun for dei som var fysisk til stade.

 

Dessverre gjorde teknisk krøll at den digitale delen av gjennomføringa måtte avsluttast. Det vert difor avtalt at det vert sett opp eit nytt heildigtalt brukarmøte for kollektivterminalen, enten no før jul eller rett over nyåret. Vi tar sjølvsagt med oss alle innsendte innspel som kom inn. Skyss fekk kun holdt halve presentasjonen sin, men heile presentasjonen ligg det linka til nedst i saka, inkludert kontaktinformasjon til informasjonsansvarleg i Skyss, Line Gjengseth. I presentasjonen finn de òg framdriftsplanen til Consto. Den er mellombels, då endeleg byggekontakt ikkje er signert, og detaljprosjekteringa ikkje er ferdig. I presentasjonen frå Skyss  finn de i tillegg oppsett for informasjonsflyt framover.

OPPDATERT 15.12: Det er etter dialog med dei som var digitalt påmeldt til delen om kollektivterminalen, valt å ikkje sette opp nytt møte per dags dato. Presentasjonen er oppdatert med ein ekstra slide med korte svar på innspela som er komt inn. 

 

Hamneplan for Florø 2020-2040 var oppe som ei orientering om prosessen som har vert, meir om det finn de skildra i desemberbrevet som vart sendt ut samtidig som brukarmøtet. Saka om hamneplan skal opp i kommunestyret den 17 desember (sak 184/20). Her finn de sakslista til kommunestyret: Innsyn Kinn kommune. Kommunestyremøtet 17 desember vert streama og tilgjengeleg for alle, med forhåpentlig vis litt mindre problemar enn vi hadde. Link til streaminga vert lagt ut på kinn.kommune.no (aktuelt/kommune-TV) før møtet.

 

Om de har spørsmål, kommentarar eller innspel, gje oss ein lyd.

Takk for godt engasjement og samarbeid i året som har vert.

 

Link til presentasjon: Presentasjon for brukarmøtet 11 desembe

 

 

Bilde frå brukarmøte