Desemberbrevet 2020

av

Dette er årets fjerde og siste utgåve av vårt kvartalsvise nyhetsbrev. Nyhetsbreva er eit supplement til dei halvårlege brukarmøtene. Om du ønskjer å delta på brukarmøte 11. desember er du hjertelig velkommen. Sjå florohamn.no/aktuelt/ for informasjon og påmelding. Om det er noko du som brukar saknar eller vil vite meir om er det berre å ta kontakt med oss på hamn@kinn.kommune.no.

 

Hamneplan for Florø 2020-2040
Styret i Florø hamn KF vedtok 08.10.2020 deira innstilling til hamneplan for Florø 2020-2040. Den har i november vert til høyring, ei høyring som skapte godt engasjement og mange gode høyringsinnspel. Det er framtidig godshamn som engasjerer, noko vi ser att i høyringsinnspela. No er vegen vidare at hamneplanen skal handsamast av kommunestyret i Kinn kommune den 17 desember. Når saksdokumenta til dette møtet er ferdigstilt vil de finne att saka i Kinn kommune sin møteportal: https://innsyn.onacos.no/kinn/wfinnsyn.ashx?response=mote&moteid=45&. Høyringsinnspela til hamneplan vert også lagt ut på Kinn kommune sine postlister etter kvart som dei kjem inn. Takk til alle gode, nyanserte og konstruktive innspel og takk for godt engasjement.

 

Landstraum
Bygginga av landstraumsanlegg som vi fekk Enovastøtte til har lenge vert på planleggingsstadiet. No er det fysiske arbeidet endeleg komt i gang, og dei som beveger seg på Fugleskjærkaia kan sjå det vert gravd i mange retningar. Prosjektet som opprinneleg skulle vere ferdig rundt årsskiftet, måtte utvide prosjektperioden pga koronasituasjonen. Vi er i rute på revidert prosjektplan og planlegg ferdigstillelse i slutten av mai 2021. Det er PSW Power & Automation frå Ågotnes i Øygarden som byggar landstraumsanlegget, og dei nytter fleire lokale underleverandørar til gjennomføringa. Tidlegare i år inngjekk vi ein intensjonsavtale med SFE om framtidig landstraumssatsing, og vi jobber no saman for å finne gode driftsformer framover.

 

Kollektivterminalen på Fugleskjærkaia
Vi er heilt no i sluttfasen av samspelsperioden med Consto om byggeprosjektet med nytt kontorbygg og kollektivterminal. Det har vert ein konstruktiv og bra samspelsfase, med mange moment som skal ivaretakast. Det er Florø hamn KF som er byggherre og oppdragsgiver, men her er mange involverte partar som skal inkluderast og involverast. Fylkeskommunen som største leigetakar har eit klart mål om at kollektivterminalen er best mogleg for dei reisande. Det skal vere tydelig skilje mellom dei ulike gruppene, med dei mjuke brukarane i fokus. Det blir færre privatbilar ned på kaiområdet på den framtidige kollektivterminalen.

Prosjektet går i tillegg inn på riksveg, og skal involvere Statens Vegvesen. Det vil også bli omlegging av kommunale vegar, slik at Kinn kommune er involvert både som vegeigar og planmynde. Prosjektet går også innpå ISPS-området, og påverkar terminaldrifta til K. Jansen, i tillegg til godshandteringa til lokalrutene. Fjord 1, Norled og Florø Skyssbåtar brukar prosjektområdet dagleg og vil bli påverka, og drivstoffyllinga til dei to bunkerstankane som står på området må også endrast på. Ikkje minst er det dei 300 000 årlege reisande passasjerane som skal bruke området dei 18 månadane byggeperioden i utgangspunktet varer, og etterpå ein heilt ny kollektivterminal der både gå- og køyremønster vil bli annleis enn i dag. Heldigvis har Skyss, som har ansvar for kollektivtrafikken i Vestland fylkeskommune, brei erfaring frå liknande omleggingar, og eit godt apparat på kommunikasjon og informasjonsflyt. Både dei og totalentreprenør Consto vil delta på brukarmøtet 11 desember, som denne gang vil handle mykje om dette prosjektet. Dette er eit spanande, krevjande og veldig kjekt prosjekt å jobbe med, og resultatet vert eit definitivt løft for området.

 

Personal
Denne hausten har vi tilsett fleire ringevikarar til hamnebåten vår «Ytterøyane». Utlysinga engasjerte og vi fekk inn mange søknadar frå godt kvalifiserte folk. No er vi så vidt starta med opplæringa og dette vil bli intensivert i tida framover. Prosjektleiar Andrea Bjørkaas som har fulgt opp kollektivterminalen på ein ypperleg måte, er midlertidig tilsett fram til 31.12.2020. No når prosjektet går over i ein nye fase vil vi organisere oss annleis. Vi takkar Andrea så mykje for den gode jobben ho har gjort og det positive bidraget ho har vert til det sosiale miljøet i hamna. Lykke til vidare!

 

Dette var nokre drypp om kva vi jobbar med for tida. Vi ser fram til eit godt brukarmøte, også er det berre å ta kontakt om de har innspel eller saker de vil løfte.

Eg vil i tillegg takke alle brukarar for eit godt 2020, som vart litt annleis enn vi først hadde sett for oss. Ønskjer alle ei riktig fin adventstid.

 

Florø, 30.11.2020

Linda Mortensen Midtbø

Hamnesjef

GS maskin graver grøfter til landstraumsanlegget