Flora hamn inviterer til brukarmøte 11. juni

av

No inviterer hamnesjefen og styret for Flora hamn til nytt brukarmøte. Tid og stad er 11. juni kl 09.00-12.00 på Quality Hotel i Florø.

Møtet er ein arena for dialog med alle brukarane av hamna om hamna sine tenester, kaier og sjøområde, og vert halde to gongar i året. Møtet er åpent for alle. I år vil mellom anna følgjande tema bli omtalt: ny hamneplan som er under arbeid, havnebåten som er i bestilling, siste nytt om bygging av skysstasjon, infrastruktur for strøm på kaiene, korleis informasjon og kommunikasjonen med brukarane fungerer, og sjølvsagt blir det litt om hamnerelatert arbeid i forbindelse med nye Kinn kommune.

Det vert særleg lagt opp til at vi brukar tid på å diskutere den nye hamneplanen, som skal bli eit viktig strategisk dokument for vidare utvikling av hamneområda. Vi har allereie fått ein del innspel men kom gjerne med fleire! Sjå eiga sak om planen her på nettsida.

Påmelding skjer via eige påmeldingsskjema her på nettsida og påmeldingsfristen er 7. juni.

Dersom du har innspel til møtet, bruk kommentarfeltet i påmeldingsskjemaet eller send oss epost på hamn@flora.kommune.no.

Oppsummering frå brukarmøtet 20.12.2017.