Florø hamn bidreg til dugnaden ved å kutte varevederlaget

av

På bakgrunn av den ekstraordinære situasjonen har styret i Florø hamn KF i dag, 16 mars, vedtatt å kutte varevederlaget frå 16 mars til 30 april.

 

Det var på oppfordring frå North Sea Container Line at styret valte å iverksette tiltaket. Norsk næringsliv går inn i ein krevjande fase, og det er viktigare enn nokon gong å få godset fram. Florø hamn KF slår ei slag for sjøtransporten, og vil ikkje krevje inn varevederlag for den nemnte perioden.