Florø hamn inviterer til brukarmøte 02. juni
Florø hamn KF inviterer til nytt brukarmøte. Møtet vil vere 02.juni kl 10 på Quality Hotel Florø.
Møtet er ein arena for dialog med alle brukarane av hamna om hamna sine tenester, kaier og sjøområde, og vert halde to gongar i året. Møtet er åpent for alle.
Påmelding med namn og bedrift til hamn@kinn.kommune.no og påmeldingsfristen er 31.mai kl 12.
Kom gjerne med innspel til møtet i samme e-post.
Velkommen!