Florø hamn inviterer til brukarmøte 11 desember

av

Florø hamn KF inviterer til nytt brukarmøte. Møtet vil vere 11 desember kl 10 i Festsalen på Florø Samfunnshus.

Møtet er ein arena for dialog med alle brukarane av hamna om hamna sine tenester, kaier og sjøområde, og vert halde to gongar i året. Møtet er åpent for alle. I samband med brukarmøtet vert desemberbrevet lagt ut på heimesida vår med litt informasjon om viktige saker som pågår i hamna.

Denne gangen er det den nye kollektivterminalen og hamneplanen som vil stå i fokus. Både Skyss og Consto vil informere om arbeidet som pågår.

 

Påmelding skjer via eige påmeldingsskjema her på nettsida og påmeldingsfristen er 8 desember. Det vil vere mogleg å delta fysisk eller digitalt. Skriv i kommentarfeltet om du deltek fysisk eller digitalt. Dei som deltek digitalt vil få tilsendt møtelink i forkant av møtet. Det er obligatorisk påmelding av smittevernomsyn.

Dersom du har innspel til møtet, bruk kommentarfeltet i påmeldingsskjemaet eller send oss epost på hamn@kinn.kommune.no.

Kollektivterminalen - skildring frå Consto/Salt