Avgiftsregulativ
AVGIFTSREGULATIV Alden hamneområde
Farvassavgifta 2023 er gjeldande frå 01.01.2023 til 31.12.2023.
Avgiftene blir kravde innanfor området, i samsvar med lov om havner og farvann § 36. Avgiftene er like innafor området der kommunen har planmynde etter plan- og bygningsloven i heile Alden hamneområde.
Avgiftene skal godkjennast av kommunestyra kvart år.
FARVASSAVGIFT
Lov om havner og farvann § 36 seier at kommunen i forskrift kan bestemme at det for fartøy som anløper hamn i kommunen, skal betalast farvassavgift til kommunen. Med dei unntak som er nemnd i avgiftsregulativet, skal alle farty som anløper hamneområdet betale farvassavgift etter følgjande satsar, per anløp:
Kr 0,28 / Brutto tonn. Minsteavgift er kr 250,-
Forskrift om kommunens berekning og innkreving av farvassavgift