Frå 01 juli reduserar vi farvassavgifta i heile Alden hamneområde

av

Frå 01 juli 2020 sett vi ned farvassavgifta frå kr 0,25/bt til kr 0,15/bt. Minsteavgift og rabattar står uendra.

Farvassavgifta skal dekke kommunen sine kostnader knytt til oppgåvene nemnt i hamne- og farvasslova §36 andre ledd, og drivast etter sjølvkostmodell. Før 01.01.2020 dekka mellom anna desse midlane utdjuping i det kommunale farvatnet, noko som frå nyåret i heilhet er lagd til Kystverket i samband med ny hamne- og farvasslov.

På bakgrunn av at ikkje alle prosjekta Alden hamneområde vedtok å gjennomføre i 2019 vart igangsatt i tide, har ein per dags dato for mykje ståande på fond. Dette er særskild knytta til midlar løyva til Askvoll kommune for utdjuping i Bulandet, der det vart løyva kr 4 mill, som ikkje kunne tildelast likevel då prosjektet vart forsinka og ny hamne- og farvasslov vart gjeldande. Farvassavgifta vert difor redusert frå 01 juli slik at drifta går i underskot, og vert delvis finansiert av oppsparte fond.

 

Oppdatert avgiftregulativ finn de her: Avgiftsregulativ Alden 2020, gyldig frå 01.07.2020

Vedlikehald av blink