Grunnundersøkingar i hovudlei mellom Florø og Stad

av

OPPDATERING 22.08.: arbeidet er noko forseinka grunna problem med ein borerigg. Arbeidet vil fortsette nokre dagar utover i veke 35.

Kystverket melder om at det i samband med utbetring av leia på strekninga Florø-Stad vert utført grunnundersøkingar i hovudleia mellom Florø og Sildefjorden i perioden 13. til 26. august 2018. Det dreiar seg om Mortingbåen, Tekneskjerflua, Drågaskjær, Hornellsflua, Skaten, Kariskjer, Smørskjeret og Sildefluene. Arbeida startar truleg frå nord.

Borebåten kan ikkje flytte seg under boring (ca ein time per borehol). Borebåten har installert AIS og arbeidet vil bli varsla over VHF. Båten kan kontaktast på tlf 415 13 282. Sjå vedlagt kart over aktuelle område i farvatnet i Flora kommune.

Sjå kartutsnitt som viser dei aktuelle sjøområda.