Høyring Alden hamneområde: Lokal forskrift vedrørande innkrevjing av farvassavgift
Alden hamneområde består av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn (farvatnet sør for Bremanger) og Sunnfjord. I samband med at det frå 01.01.2020 vart gjeldande ny hamne- og farvasslov, vil det vere behov for reviderte lokale forskrifter vedrørande innkrevjing av farvassavgift. Hamnerådet vedtok 16.04.2020 utkast til nye forskrifter. Desse vert no sendt på høyring, før dei deretter må opp til handsaming i dei respektive medlemskommunane sine kommunestyrer. Farvassavgifta skal dekke kommunen sine kostnader til oppgåvene nemnt i hamne- og farvasslova §36 andre ledd.
Høyringsinnspel sendast til hamn@kinn.kommune.no innan 15 juni 2020.
Lokal forskrift til høyring finn her: Lokal forskrift vedrørande innkrevjing av farvassavgift