Høyring: detaljregulering for Måsholmen – Håskjera

av

Kinn kommune melder:
Plan- og miljøutvalet har 23.01.2024 i sak 004/24, godkjent at framlegg til detaljregulering for Måsholmen – Håskjera, gbnr. 28/3, næring og hamn, vert lagt ut på offentleg høyring.

 

Formål med planarbeidet

Formålet med reguleringa er å legge til rette for etablering av hamne- og næringsområde på Måsholmen og vestover til Håskjera, inkl. containerhamn for Florø. Tiltaket inneber utfylling i sjø for å etablere nærings- og hamneområde med djupvasskai, og det er tenkt å nytte massar frå Kystverket sin utdjuping av leia til Florø. For å kunne ta i mot massar frå utdjuping av leia er det krav om at det må føreligge godkjent reguleringsplan, som stettar dei krav som stillast til slike tiltak.

 

Forhold til overordna arealplan

Planforslaget er i tråd med gjeldande kommunedelplan for Florelandet – Brandsøy, der området er sett av til hamneområde og næringsområde, med krav om detaljregulering (felles planlegging). Reguleringsplanarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing, og der er utarbeidd konsekvensutgreiingar for tema landskap, friluftsliv, naturmangfald, og marint naturmangfald.

 

Høyring og innspel

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet frå 08.02.2024 til og med
22.03.2024.

For fullstendig oversikt over relevante dokument samt korleis melde innspel, sjå kinn.kommune.no:

https://kinn.kommune.no/aktuelt/hoyring-detaljregulering-for-masholmen-haskjera.13073.aspx

 

Måsholmen