Ny hamneplan – innspel frå deg
Vi ønskjer innspel frå deg
Korleis gjev du innspel?
Innspel er avgjerande for å få ein god hamneplan og vi tek difor i bruk dei fleste kanalar vi har tilgjengelig. Du kan:
- Fylle ut innspelskjema på nettsida vår florahamn.no
- Skrive epost til hamneplan@florahamn.no, merk eposten med «Innspel til hamneplan på vegne av <namn på bedrift, rederi, privatperson>»
- Skrive innspel på Facebook-sida til Flora hamn KF. Her ligg det som eige innlegg med høve til å kome med innspel.
- Avtale eit møte med Flora hamn, ta kontakt med hamnesjef Linda Mortensen Midtbø.
- Skrive brev, adresse nederst på nettsida.
Fristen for å gje innspel er 29.06.2018.