Junibrevet 2020

av

Her er årets andre utgåve av vårt kvartalsvise nyhetsbrev, og dette kjem i samband med at vi held brukarmøte 15 juni. Nyhetsbreva er eit supplement til dei halvårlege brukarmøta, og om det er noko brukarane saknar eller vil vite meir om, er det berre å ta kontakt på hamn@kinn.kommune.no.
 
 
 
 
 
 
Covid-19
Det er ikkje tvil om at dette har prega hamna denne perioden. Det største utslaget er stopp av kystruteanløpa til Hurtigruten. Hurtigruten/kystruten la 19 mars i ro alle skipa sine som går langs norskekysten, med unntak av to skip som går i rute mellom Bodø og Kirkenes. Dette gjeld til 16 juni, og Florø har missa to daglege anløp. At Hurtigruten startar opp att i midten av juni kjem an på om rederiet og staten kjem til einighet om vilkåra for oppstart. Det vil då vere ei redusert tilbod ei stund framover med kun fire farty som går ruta mellom Bergen og Kirkenes, mot normalt elleve stykk.
 
 
 
I tillegg til dei direkte økonomiske tapa med uteståande kaivederlag pga dette, samt tap for kaioperatør, er det tapet av den daglege stykkgodsruta som skapar størst ringverkander. Hurtigruten sine daglege anløp har vert ein forutsigbar og god måte å frakte stykkgods på, med god regularitet. No går mykje av det på lastebil, og vi håpar dei nye fraktmønstrene ikkje har fått satt seg før Hurtigruta startar opp att. Hurtigruten/kystruta fraktar bilar, «big bager» med fiskefôr, handterer alt frå mindre båtar, maskiner, frysevarer, medisinar, jordbruksartiklar m.m. til privat næringsliv inkludert oppdrettsnæringa, samt privatkunder som sender pallar o.l. Eit langvarig stopp har gitt eit dårlegare logistikktilbod i Florø, og miljøet vert taparen. Vi har jobba med dette via interesseorganisasjonen vår Norske Havner, saman med hamner langs heile norskekysten. Vi håpar at dette begynner å normalisere seg, men ser at det dessverre kan ta ei stund før vi er tilbake med daglege kystruteanløp.
 
 
 
Containerlogistikken har heldigvis gått som normalt. All godstransport over dei offentlege kaiene i Florø fekk i halve mars og heile april fritak frå varevederlag, for å halde maskineriet i gang. Vi har ikkje så mykje internasjonal passasjertrafikk i Florø, og det er langt i frå den største cruisehamna i fylket. Vi har fått kansellert eit par cruiseanløp, og forventar ei kansellering på dei sista anløpa også. Dette pga karantenereglane for utanlandske passasjerer.  Elles har vi merka ei markant nedgang i det lokale passasjergrunnalget, særskild på Norledruta mellom Bergen og Nordfjord, men også dette har begynt å ta seg opp att no. Gjesteservicehuset har vert stengt, men vart åpna forsiktig i førre veke i samråd med smittevernoverlegen i kommunen. Her har vi eit godt samarbeid med Florø parkering, og vi håpar å få åpna enno meir opp litt etter kvart. Vi skal vere trygge på at vi har gode reinhalds- og smittevernrutinar, og tar det difor stegvis, sjølv om vi sjølvsagt ønskjer eit best mogleg tilbod og flest mogleg gjestar denne sesongen når «alle» skal vere turist i eige land. Gjestebrygga har i alle fall fått bytta ut ein del kaidekket no når det har vert lite gjestar, og er klar for ein ny sesong.
 
 
 
 
 
 
Hamneplan og simulatortest
13 mars skulle vi ha gjennomført ein simulatortest i Haugesund vedrørande innseglinga til den offentlege kaia i Gunhildvågen med containerfarty. Denne måtte dessverre kansellerast pga covid 19 situasjonen, og saka har stått litt på vent. Vi planlegg no for ny test rett over sommarferien, men må gjere litt om på opplegget då det er avgrensa plass på simulatorbrua. Det vil primært vere nautisk personal som vert invitert på sjølve gjennomføringa av testen, også vil vi samle alle aktørane til eit digitalt/fysisk møte i Florø i etterkant der vi gjennomgår testen samt drøftar framtidsbiletet i Gunhildvågen.
 
 
 
 
 
 
Kollektivterminalen på Fugleskjærkaia
I april vart endeleg byggeprosjektet på Fugleskjærkaia med kollektivterminal og kontorbygg lyst ut på nytt på Doffin, portalen for offentlege innkjøp. Dette som ein totalentreprise med samspel. Vi har jobba med å forenkle kvalifikasjons- og dokumentasjonskrava, basert på erfaringane frå førre konkurranse. Fristen for å levere inn anbod går ut i juli, og vi håpar vi snart kan sette i gang med riving og bygging. Det blir eit trengt løft for heile området. Hamnestyret i Florø hamn KF har også vedteke å redusere storleiken på kontorbygget for å tilpasse det til etterspørselen i marknaden, så kontorbygget er i utgangspunktet redusert med to etasjar, frå fem til tre. Der ligg likevel inne ein opsjon på å bygge ein fjerde etasje, om det skulle bli aktuelt, og det er framleis åpent for å leige hos oss om de ønskjer topp moderne lokaler på kaia.
 
 
 
 
 
 
Landstraum og samarbeid med SFE
I slutten av mars kunne vi også gå ut med at Florø hamn og SFE har signert ein intensjonsavtale om elektrifisering av hamna. Sjøfarten står for 67% av klimagassutsleppa i Florø, og sjølv om dette inkluderar sjøgåande skip, vil eit tilbod om landstraum gje eit betydelig kutt i utsleppa. Elektrifisering av hamna vil òg redusere støyforureining i sentrumskjerna i Florø, samt gje båtane eit rimeligare alternativ enn å drifte på hjelpemotorar ved kailigge. Partane ønskjer å samarbeide tettare for å bygge kompetanse, utveksle erfaringar og skape ei betre løysing saman. Både SFE og Florø hamn er heilt klar på at bærekraft og miljø er ein del av vårt samfunnsoppdrag, og dette samarbeidet vil styrke det grøne skiftet.
 
 
 
Samarbeidet tek utgangspunktet i dei to landstraumprosjekta som Florø hamn KF held på å etablere på Fugleskjærkaia og kai G på Botnastranda, og som Enova støttar. Desse vil partane drifte i eit felles selskap, med høve for ei utviding seinare. Vi er no i tidleg prosjektfase, og har framleis ein veg å gå før alle detaljar er på plass. Det er Rambøll som leverer rådgjevings-/byggherretenester på dei to landstraumsprosjekta som er satt i gang. Vi har hatt ut eit anbod på Doffin på sjølve bygginga, og tildelinga på desse to prosjekta vert gjennomført i desse dager. Også dette prosjektet er forsinka pga covid 19, då aktørane trengte lenger gjennomføringstid, men vil vere ferdigstilt tidleg 2021.
 
 
 
 
 
 
 
Dette var nokre av sakene vi jobbar med for tida. Det vil komme meir på brukarmøtet, og vi tek gjerne i mot innspel på tema som brukarane ønskjer å få vite meir om eller å drøfte.
 
 
 
Ønskjer alle ein riktig god sommar.
 
 
 
 
 
 
02.06.2020
Linda Mortensen Midtbø
Hamnesjef
Fugleskjærkaia mai 2020