Hjem / Kaioversikt / Gjestebrygga

Gjestebrygga

Gjestebrygga i Florø er ei hyggjeleg, god og populær gjestehamn. Gjestebrygga ligg idyllisk til, eit trossekast frå den flotte handlegata Strandgata i den eldste og vestlegaste byen i fylket, Florø. Anlegget er oppgradert og tilbyr alt det du forventar av service og båtstemning. Hamnevertane serverer gjerne frukost og avis på båtkanten!

Nedlastbare dokumenter

Nøkkelinfo

  • GPS posisjon:
    N 61* 36,04’ E 005* 01,82’
  • Landstrøm:
    16A
  • Dybde:
    m
  • Lengde:
    m
  • ISPS, overvåkings- og adgagnskontrollsystem:
    Nei
  • Type:
    Flytebrygge
  • Bunkers:
    MFO leverast av Florø Bil & Havneservice AS
  • Ferskvann:
    Nei

Båtar med ulike flagg besøker hamna kvart år for å få med seg arrangement som Himmel og Hav , Sildebordet, Kinnaspelet, Sommarrevy og Våtmoro. Det er mykje å sjå og oppleve i området, du finn informasjon om det meste hos Fjordkysten.

Servicehus

Gjestebrygga i Florø har nytt servicehus frå 2017 som ligg ved sida av Quality hotell.

Servicehuset er utstyrt med kodelås. Koden er på 6 tal og den finn du på kvitteringa di.

Fasilitetar:

  • Garderobe damer: to dusjar og to toalett.
  • Garderobe menn: to dusjar og to toalett.
  • Vaskerom med to vaskemaskiner og ein tørketrommel.
  • Opphaldsrom med stolar og bord.

Vinterleige

Utanfor sesong kan du leige fast plass i gjestebrygga.

Uten langtids kontrakt, gjelder dagspriser.

Les meir om vinterleige på nettsidene til Florø Parkering.