Kan du hjelpe oss med dei lause trådane? Florø hamn søker «Administrasjonsansvarleg» (intern utlysing)

av

KAN DU HJELPE OSS MED DEI LAUSE TRÅDANE?

Florø hamn har til ein kvar tid mange prosjekt på gang, og vi har nettopp ferdigstilt ny kollektivterminal og kontorbygg på Fugleskjærkaia. No treng vi ein strukturert, systematisk og serviceinnstilt person som kan hjelpe oss med å halde orden på både hamnekontoret, systema våre og sjå til at leigetakarane våre har det bra.

 

Florø hamn KF skal vere ei attraktiv, profesjonell og framtidsretta hamn med kompetente og løysingsorienterte tilsette. Vi skal vere trygg, synleg og tett på brukarane våre. Kan du bidra til dette ved å bli vår nye ADMINISTRASJONSANSVARLEG?

 Få positive og engasjerte kollegaer
 Jobb i splitter nye, miljøvenlege lokale
 Få den flottaste kontorutsikta i Florø by

 

Du vert kontorleiar og har ansvar for kontorhald, har ansvar for servicetenester/støtte-system, og organiserer og klargjer for møter og arrangement internt og eksternt. Du vert sakshandsamar og møtesekretær med meir. For fullstendig stillingsskildring, sjekk ut florohamn.no/aktuelt.

 

Vi søker deg som:

– Har god norsk og engelsk framstillingsevne, munnleg og skriftleg. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

– Har erfaring fra denne type stilling, og/eller relevant utdanning (kontorfag, IT, sal og service e.l.).

– Er strukturert, systematisk og serviceinnstilt.

– Har gjennomføringsevne, og likar rutinar.

 

Florø hamn har 24/7 service, og stillinga inngår difor i vaktordning.

 

Søk her: https://kinn.kommune.no/jobb/

—————————————————————————————————————————

Fullstendig stillingsskildring:

  1. Kontorleiar med ansvar for kontorhald, kontorrutinar som post, arkivering og innkjøp (dagleg drift).
  2. Ansvar for servicetenester/støtte-system (facility management) på kollektivterminalen og dei andre eigendomane til hamna. Dette inkluderer møtebooking og kantinedrift.
  3. Kontaktpunkt for brukarar/kundar, og ansvarleg for kommunikasjon relatert til drift ut til brukarane (saman med marknadsansvarleg).
  4. Organisering og klargjøring til møter og arrangement.
  5. Planlegge kurs og liknande.
  6. Førebu rådsmøter for Alden hamneområde
  7. Vere sekretær på møter i Alden hamneområde
  8. Sakshandsaming for Alden hamneområde, inkl handsaming etter hamne- og farvasslova
  9. Marknadsføre ledige lokale og følgje opp leigetakarar, saman med økonomi- og marknadsansvarleg
  10. Førebu styresaker
  11. Delta i vaktturnus, samt ha vakttelefon på dagtid.
  12. Oppfølging av kontraktar og driftsmodellar, saman med økonomi- og marknadsansvarleg
  13. Digitalisering og forbetringsarbeid
  14. Bistå hamnesjef med å utvikle gode styringssystem
  15. Bistå med å føre varelister for statistikk (SSB)
  16. Bistå marknads- og økonomiansvarlig ved behov
Tilsette i Florø hamn
Tilsette i Florø hamn