Landstraum

Plassering

Landstraumsanlegg kan no nyttast på Fugleskjærkaia:

  • Kai A
  • Kai C
  • Kai E

Botnastranda:

  • Kai G

 

Bestillingsinformasjon:

Bestilling av landstraum gjerast via hamnevakta/SafeSeaNet på samme måte som andre tenester (som vatn, fortøyning og renovasjon). Hamnevakt tlf 913 18 000 (24/7), e-post: hamn@kinn.kommune.no (kontortid).

Botnastranda kai G er leigd ut til Fjord Base t.o.m. 31.12.2021, og ein bestiller då landstraum via kaikontoret til Fjord Base: Kontaktinformasjon på heimesida til Fjord Base

 

Kapasitet: 

Kvart av anlegga skal kunne levere 1000 kVA, med høve til å forsyne fleire skip samtidig.

Anlegga kan tilby kvart skip landstraum 400-690 V spenning og frekvens 50-60 Hz.

 

Pris:

Kr 2,10 pr kWh + oppkopling kr 700

 

Operasjon:

Anlegga er i utgangspunktet sjølvbetjent, men hamnevakta kan bestillast for assistanse til oppkopling og start. Dette er å tilrå ved førstegangs bruk

 

Det er Florø hamn KF og SFE som saman driftar anlegga.

 

 

 

Landstraumsanlegg