Live-streaming: Fylkesvaraordføraren legg ned grunnsteinen på Fugleskjærkaia 28.04 kl 12.

av

På onsdag, 28.04., kjem fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune, Natalia Golis (MDG), til Florø for å legge ned grunnsteinen til den nye kollektivterminalen. Pga koronarestriksjoner vil arrangementet kun vere for inviterte, men vi vil «live-streame» det kl 12 både på Facebook og her.

Florø hamn er byggherre, og det er Consto som er tildelt kontrakten med å bygge ny
kollektivterminal og kontorbygg på Fulgeskjærkaia; eit knutepunkt for båt, buss, sykkel
og drosje. Bygget skal skal BREEAM-NOR-sertifiserast, som det første i vår region, og vil
difor bli tilpassa med berekraftig design og løysingar for lågt energiforbruk, som
solcellepanel. Prosjektområdet utgjer ca 10.000 kvadratmeter og prosjektet inkluderer
mellom anna riving av eksisterande bygningar, bygging av vegar, opparbeiding av ny
parkeringsplass, bygging av lager og tilrettelegging for framtidige energibærarar til lokale
og regionale båtruter. Vestland fylkeskommune er største leigetakar og ferdigstillelse er
satt til april neste år.

Kollektivterminalen - skildring frå Consto/Salt