Mange ballar i lufta for Flora Hamn

av feb 9, 2018

Men fleire er og nærare mål. På brukarmøtet til Flora Hamn som vart halde 20. desember blei det meldt om at nye fiskerikaia på Hesteneset har fått vegtilkomst og dermed kan takast i bruk, ny skysstasjon på Fugleskjærskaia rykkjer stadig nærare, ny arbeidsbåt er ute på anbod, og nytt fjernstyrt tilgangs- og overvakingssystem for ISPS-kaiane med tilgang døgnet rundt heile året kjem i drift på nyåret.

Det var godt oppmøte på årets siste brukarmøte, som er for alle brukarane av hamna sine tenester, kaier og sjøområde. Styreleiar Vidar Grønnevik innleia til eit fullsett møte kor brukarar og alle medarbeidarar og styret for hamna deltok.  Konst. hamnesjef Jostein Lange Bergset følgde opp med å orientere om kva Flora hamn har jobba med i 2017 og kva som ligg på blokka for 2018.

Ny fiskerikai på Hesteneset kan no takast i bruk

Den 57 meter lange kaia vest av Felleskjøpet har stått ferdig eit års tid, men utan bruksløyve. Men rett før brukarmøtet fekk hamna eit midlertidig bruksløyve som følgje av at ein midlertidig veg ned til kaia er på plass, og den kan dermed no takast i bruk av fiskarane. Løyvet gjeld ut april 2018 og i mellomtida vil det bli jobba med ei betre vegløysing. Det er og ei utfordring å få straum og vassforsyning på plass. I samband med at ein no startar arbeidet med å få ein betre, meir langsiktig vegløysing ned til kaia, samstundes med oppgradering av Fjordgata, skal det og arbeidast med å få på plass straum og vatn. Det vert og sett på løysingar for internett.

Nokre steg nærmare ny skysstasjon på Fugleskjærskaia

Prosjektleiar Gyda Folkedal orienterte om planane for nytt bygg og skysstasjon. Det er framleis mykje som skal på plass før sjølve bygginga kan starte, og det første og viktigaste er ein konkret avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om skysstasjonen, så det jobbar dei med no. Neste møte mellom Flora Hamn, kommunen og fylkeskommunen er allereie i januar. Vidare har ein gjort vurderingar av når ein eventuelt kan starte rivingsprosessen, og ein skal vurdere miljøsertifisering av bygget. Det vert endra tilhøve på Fugleskjærskaia som brukarane etter kvart vil merke, og brukarane vart lova informasjon i god tid  før det byrjar å skje noko konkret.

Snart ny arbeidsbåt

Hamna har jobba lenge og vel med å få utlyst ny arbeidsbåt som er betydeleg større og meir funksjonell en vesle «Stabben» som hamna har i dag. Ein ny arbeidsbåt skal og vere i stand til å operera i heile Alden hamneområde, noko «Stabben» ikkje kan. Anbodsfristen er 15.01.2017 og kostnadsramma er sett til 6 millionar kroner. Båten skal kunne leigast ut til andre for oppdrag når den er ledig.

Nytt overvakings- og adgangskontrollsystem for ISPS-kaiene

Flora Hamn har ISPS-kaier både på Fugleskjærskaia og i Gunhildvågen. No er eit nytt og moderne system for overvaking og adgangskontroll installert, og hamna planlegg å få det i full drift over nyttår.  Det blir lagt opp til fjernstyrt «resepsjon» som er tilgjengelig heile døgnet, alle dagar. Systemet skal  styrast av den i Flora Hamn som til ei kvar tid har vakt. Det må inngåast nye faste avtalar med brukarar som er ofte på desse kaiene slik at dei kan opne og lukke sjølv, og desse avtalane vil gjelde både for Fugleskjærskaia og Gunhildvågen.  Det nye systemet vil bidra til ein smidigare kvardag for brukarane.

Meir utdjuping på gong

På brukarmøtet vart det orientert om at det no vert utdjuping i Nekkøyosen og arbeidet er planlagt å starte opp etter hekkesesongen 2018. I tillegg skal Kystverket starte opp med forarbeid for utdjuping av innseglinga til Florø etter nyttår. Det har tidlegare kome ønskje frå Flora Fiskarlag om utdjuping også ved Nordnesmoloen kor det er ei kai, og dei spelte inn ønske om at Flora Hamn vurderer å få det gjort samtidig når det likevel er maskiner i området til slikt arbeid.

Fjerning av gammalt oppdrettsanlegg i innseglinga til Fjord Base

Det starta med at ein fann tauverk etter eit gamalt oppdrettsanlegg i sjøen i innseglinga til Fjord Base i mars og hamna tok då kontakt med Kystverket. Sidan har dette vore ei pågåande sak kor det var mellom anna var noko uklart kven som skulle rydde opp, og problemet eskalerte utover hausten som følgje av mykje ver og bølgjer som gjorde at meir av dette kom opp i dagen. Kystverket vest var representert på brukarmøtet ved Lene Røkke Mathisen og  ho kunne orientere om at dei i dagane før brukarmøtet hadde jobba iherdig med å dra opp fleire anker og mange tusen meter tau, og akkurat i tide til brukarmøtet kunne dei konkludere med at leia no er friskmeld. Det som ligg igjen på botnen skal ikkje vere til fare for båttrafikken.

Gods til Botnastranda ikkje med det første

Det er ei tid sidan Flora kommune vedtok at godstrafikk skal flyttast frå Fugleskjærskaia til Botnastranda, og brukarane etterspurte siste nytt i saka. Det er framleis planen, men det ligg eit stykke fram i tid. Dagens kai er 150 meter lang og kan berre handtere eitt fartøy om gongen, men på sikt kan ein forlenge kaia både mot øst og vest. Det er og ein del praktiske ting som må på plass, som vatn, straum. Det vert jobba med å få til ei internettløysing til dagens brukarar av kaia.

Kva skjer med Flora Hamn KF i Kinn kommune?

Flora Hamn er eit kommunalt føretak og Vågsøy er ein del av Nordfjord hamn IKS (interkommunalt samarbeid) . Styreleiar Vidar Grønnevik orienterte om at Fellesnemnda for Kinn no har oppnemnt ei arbeidsgruppe for hamnene med deltakarar Florø og Vågsøy og dei skal ha sitt første møte rett over nyttår. Her vart brukarane oppmoda til å nytte høvet framover til å kome med gode innspel til arbeidet.  Styremedlem Jacob Nødseth, som og deltek i Fellesnemnda, har merka seg at Måløy er på offensiven på dette området saka og følgde opp med at næringslivet i Flora er nøydd til å komme på banen og vere tydelege på kva dei ønskjer å oppnå her. Leiar for Flora Fiskarlag, Geir Henning Seljeseth, understreka og at han merka at næringslivet i Måløy er «på høgget» ovanfor fiskeriaktørane, ved at dei legg betre til rette.

Mange oppgåver i kø i 2018

Elles har Flora Hamn også mange andre saker på blokka, både eksisterande og nye, som det vert jobba vidare med i 2018, mellom anna:

  • Samlokalisering av taxibåtar ved flytebrygga har vore tema ei stund men det er førebels ikkje jobba med. Etter kvart kjem ein ny losbåt og då vert det trongt slik det er no.
  • Det skal utarbeidast ny hamneplan, den gamle har gått ut på dato.
  • Hamna jobbar for tida med å få bestilt ei ringverknadsanalyse for å få fram den verdiskapinga som Flora Hamn bidreg til.
  • Hamna er pålagt å ha avfallsplan for hamnene og jobbar no med ferdigstilling av den. Det er to delar. Del A dekkar offentlege hamner, offentlege gjestebrygga og industrihamner og fristen er 31.12.2017. Del B dekkar alle private småbåthamner i Flora kommune og har frist: 10.01.2018.