Marsbrevet
Her er årets første utgåve av vårt kvartalsvise nyhetsbrev. Nyhetsbreva er eit supplement til dei halvårlege brukarmøta, og om det er noko brukarane saknar eller vil vite meir om, er det berre å ta kontakt på hamn@kinn.kommune.no.
Covid-19
Dette pregar oss sterkt for tida. Sjølv om gods heldigvis får gå som vanleg for å sikre forsyningane, er båttrafikken endra. Hurtigruten går akkurat no berre mellom Bodø og Kirkenes, og slik vil det vere framover ei stund. Det er særs få reisande med lokalbåtane og regionbåtane, og alle reisande frå utsida av gamle Sogn og Fjordane vert per dags dato satt i karantene. Utanlands passasjertrafikk er utelukka og utanlandsk mannskap har ikkje høve til landlov. Vi har gjort interne grep for å oppretthalde bemanninga av hamnevakta, og hamnekontoret er per i dag stengt for besøkande. Vi er sjølvsagt likevel tilgjengelig på telefon og e-post som før.
For å bidra til dugnaden og sikre god vareflyt i denne kritiske perioden har styret i Florø hamn KF vedtatt å kutte varevederlaget frå 16 mars til 30 april. Det var på oppfordring frå North Sea Container Line at styret valte å iverksette tiltaket. Norsk næringsliv går inn i ein krevjande fase, og det er viktigare enn nokon gong å få godset fram. Florø hamn KF slår ei slag for sjøtransporten, og vil ikkje krevje inn varevederlag for den nemnte perioden. Vi har i tillegg valt å stenge gjesteservicehuset, og prisane for gjestebrygga er nedjustert frå kr 250 til kr 170.
Tidlegare nyhetsbrev har innehaldt informasjon om arbeidet med hamneplan og framtidig godshamn. I samband med dette arbeidet skulle det gjennomførast ein simulatortest for å sjå kva handlingsrom ein har rundt innseglinga til Gunhildvågen. Denne testen måtte dessverre utsettast pga. covid-19 situasjonen, men vi håpar å ta opp att ballen så fort som råd.
Nytt namn, ny kommune
Vi har bytta namn til Florø hamn KF Kinn kommune, og opererer i farvatnet til gamle Flora kommune. Vi har også eit godt samhald med våre kollegaer i Nordfjord hamn, som opererer i farvatnet til gamle Vågsøy kommune. Alden hamneområde held fram som før, men med eit litt anna innhald på bakgrunn av ny hamne- og farvasslov. Dei første månadane etter overgangen har krevd ein del tid med nye system som skal på plass, og vi har opplevd at ein del kundar og leverandørar har fått forsinka fakturering og betaling. Dette beklagar vi på det sterkaste.
Byggeprosjektet på Fugleskjærkaia
Førebels framdriftsplan for utlysing av byggeprosjektet kollektivterminal og kontorbygg på Fugleskjærkaia var i løpet av februar 2020. Det har vert behov for naudsynte avklaringar med diverse aktørar, inkludert fylkeskommunen. Dette har dessverre resultert i at utlysning iht førebels framdriftsplan ikkje har vert mogleg. Oppdatering angåande utlysning av anbod vil skje umiddelbar via Florø hamn KF sin heimeside og Facebook side.
Kai D på Fugleskjærkaia (hurtigrutekaia)
Kai D på Fugleskjærkaia låg tidlegare i år ute i KGV/Doffin for rehabilitering med katodisk beskyttelse. I slutten av januar måtte vi dessverre avlyse den konkurransen som fylgje av at det under synfaringa vart avdekka meir skader på dekke, skjørt og bjelkar enn det som kjem fram av forprosjektrapporten til Sweco (forverring). Forprosjektrapporten er no under revidering, og ny utlysing vil komme så snart som råd.
Dei midlertidige tiltaka/restriksjonane som er gjennomført er uendra og gjeld framleis. Dei praktiske konsekvensane er at rehabiliteringa vil verte forseinka og gjerne vere av eit anna omfang. Det er også usikkert om ein kan oppretthalde dagleg drift når kaia vert rehabilitert. Oppdatering kjem når vi har meir informasjon.
Dette er noko av det som rørar seg i hamna. Ta vare kvarandre i denne rare tida, og ikkje nøl med å ta kontakt om det skal vere noko.
20.03.2020
Linda Mortensen Midtbø
Hamnesjef