«- Neste brukarmøte vert i den nye kollektivterminalen!»

av

02. juni vart det arrangert brukarmøte i Florø hamn. Møtet er ein arena for dialog med alle brukarane av hamna om hamna sine tenester, kaier og sjøområde, og vert halde to gongar i året. 

Byggeprosjektet på Fugleskjærkaia nærmar seg ferdigstilling, og neste brukarmøte vert i den nye kollektivterminalen. Av nye store prosjekt som vert framover er det særskild rehabilitering av Fugleskjærkai D (hurtigrutekaia) og ny godshamn på Måsholmen som vil ta fokus.

Ei kort oppsummering frå brukarmøtet 02.juni finn du her: Presentasjon med kommentarar

Brukarmøte i Florø hamn