No kan du lese årsmeldingane for 2019

av

I årsmeldingane for Florø hamn KF og Alden hamneområde er det oppsummert kva vi jobba med i 2019 og du finn nøkkeltal på passasjerar, gods, anløp, kaibesøk og økonomi. Florø hamn KF hadde ei omsetning på kr 15 893 302 og eit positivt netto driftsresultat på kr 6 279 622.

Dei offentlege kaiene i Florø hadde i 2019 3 344 kaibesøk og dei private kaiene hadde 4 057 kaibesøk. Det var 185 921 passasjerar som reiste over Fugleskjærkaia inkl kystruten, og det vart landa 2,4 mill tonn gods på dei offentlege og private kaiene i Florø.

 

Årsmelding Florø hamn KF 2019

Årsmelding Alden hamneområde 2019

NCL Svelgen ved Fugleskjærkaia i Florø