Vi er stolte av å presentere ein ny logo for verksemda vår. Vi er i kontinuerleg vekst og utvikling, og ynskte oss difor ein ny logo som vart meir leselig, med færre detaljar og som betre kunne representere kven vi er i dag og kven vi vil vere i framtida.
15. februar 2024
Den nye logoen er ein stilisert og modernisert versjon av Stabben fyr. Den har ein unison form og gir eit ryddig og moderne uttrykk. Logosymbolet er nå meir leseleg for alle målgruppene våre, inkludert næring, passasjerar, turistar, politikarar og styresmakter. Om vi er på messe eller har ei annonse i avisa, skiller den nye logoen oss ut og gjør oss til ein tydelegare avsendar. Med sitt reine uttrykk blir også logoen skalerbar.
Ved å fortsatt bruke Stabben fyr som inspirasjon, fører vi vidare kulturen og historia vår, samstundes som vi ser mot framtida.
Vi i Florø hamn KF er opptekne av berekraft, og ynskte ein logo som reflekterte dette. Dei bølgjande linjene representerer både havet og ein dynamisk drift i bevegelse, som med hjelp av fyret stakar ut kursen for ei leiande havn for grøn industri. Vi håpar at den nye logoen vårt blir godt motteke av kundane og samarbeidspartnarane våre.
Og til dei som undrar, vil vi fortsette å bruke den gamle logoen i høgtidelege og tradisjonelle seremoniar som til dømes når vi overrekker krest til nye fartøy til kai.
Velkomen til Florø hamn – «Knutepunkt vest»!
Utviklet i samarbeid med BigFish AS