PRAKTISK ANLAGT MED MARITIM ERFARING?
11. desember 2023
Florø hamn eig 1,3 km kaimeter med bakareal, ein rekke bygg og infrastruktur, samt har ansvar for det kommunale farvatnet i fem kommunar (Alden hamneområde). I tillegg driv vi vedlikehald av 16 kaier og ferjebruer i øyane for Kinn kommune og samt ein rekke kommunale sjømerke. Vår erfarne hamneinspektør skal begynne i ny jobb, og vi søker difor ein sjølvgåande, praktisk anlagt og strukturert person som kan hjelpe oss med å halde orden på alt dette.
Florø hamn KF skal vere ei attraktiv, profesjonell og framtidsretta hamn med kompetente og løysingsorienterte tilsette. Vi skal vere trygg, synleg og tett på brukarane våre. Kan du bidra til dette ved å bli vår nye HAMNEINSPEKTØR?
- Få positive og engasjerte kollegaer.
- Få ein allsidig jobb med mykje praktisk utearbeid.
- Få ein maritim jobb med båtkøyring, og samtidig høve til å komme heim kvar dag.
- Få base i splitter nye, miljøvenlege lokale.
Arbeidsoppgåver
Som hamneinspektør vil du jobbe i driftsavdelinga, saman med driftsleiar og ein til hamneinspektør.
- Ha medansvar for vedlikehald av bygningar, infrastruktur og kaier som er eigd eller vert drifta av Florø hamn KF. Dette inkluderer utarbeiding av vedlikehaldsplan i samarbeid med driftsleiar.
- Vedlikehaldsansvar for hamna sine køyrety og båtar.
- Vere kontaktperson i Alden hamneområde, med særskild fokus på farvasstiltak og samarbeid med representantane frå kvar enkel medlemskommune.
- Delta i vaktturnus på hamna (24/7 bakvakt, ei veke om gangen). Dette inneberer mellom anna å koordinere aktivitetar i hamneområdet, tildele kaiplass, fortøye båtar og vere praktisk problemløyser når utfordringar oppstår utanfor ordinær arbeidstid. Dette inkluderer sesongaktivitetar, som snømåking og oppfølging av gjestebrygge.
- Oppfølging av kundar, agentar, rederi og speditørar.
- Delta med driftsfagleg kompetanse i relevante prosjekt som hamna held på med.
- Delta i tryggleiksarbeid, beredskap og ISPS-arbeid (hamnesikring).
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som:
- Er praktisk anlagt og kan drive vedlikehald på infrastruktur av ulik alder og standard.
- Fortrinnsvis har maritim erfaring.
- Gjerne har dekksoffisersertifikat D6 eller høgare. Og om du ikkje har det – er villig til å ta dette i næraste framtid. Inneberer både teoretisk og praktisk kurs med tilhøyrande test, samt tryggleikskurs.
- Har førerkort klasse B. Sertifikat for større køyretøy, hengar, truck og liknande vert vektlagt positivt.
- Har helseattest for å løyse dekksoffisersertifikat. Arbeidet krev generelt god fysisk helse.
- Er nysgjerrig, læringsvillig og tar initiativ.
- Er strukturert og har gjennomføringsevne.
- Kan kommunisere skriftleg og munnleg på både norsk og engelsk.
- Har erfaring fra denne eller liknande type stilling, og/eller relevant utdanning. Relevant utdanning kan vere fagbrev/teknisk fagskule maritime fag, mekanikarfag, elektrofag eller liknande.
Florø hamn KF jobbar med digitalisering og kvalitetssikring av arbeidsoppgåver/prosedyrar. Vedkommande som blir tilsett må vere innstilt til å delta konstruktivt i dette arbeidet, og kunne handtere digitale verktøy som ein del av sin arbeidskvardag.
Florø hamn KF er ein liten organisasjon med til saman seks tilsette. Vi hjelpar kvarandre for å løyse oppgåvene, og er heller ikkje redd for å spørje kvarandre om hjelp. Allsidigheit og praktisk problemløysing er difor viktigare enn å vere «ekspert» på eige område.
Kontaktinformasjon
Linda Mortensen Midtbø, Hamnesjef, +47 90962284
Ørjan Storesund, Driftsleiar, 93650737
Arbeidsstad
Fugleskjærskaia
6900 FLORØ
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4739646134
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2023