Heim / Nyhende / Ledig stilling som sommarvikar i driftsavdelinga

Ledig stilling som sommarvikar i driftsavdelinga

På jakt etter sommarjobb? Vi har ledig 1 stilling i driftsavdelinga vår.
Vi søker ein praktisk anlagt og strukturert person som kan hjelpe oss med diverse vedlikehaldsarbeid i sommar.

17. mars 2026

Som sommarvikar vil du jobbe i driftsavdelinga, saman med driftsleiar og tre hamneinspektørar.

Du vil arbeide med vedlikehald av bygningar, infrastruktur og kaier som er eigd eller vert drifta av Florø hamn KF. Dette kan for eksempel vere malearbeid, plenklipping, rydding og organisering av uteområde, lager, verktøy og utstyr, og vere handlanger for hamneinspektørane. Du vil arbeide både aleine og saman med dei andre hamneinspektørane, og du vil få opplæring og oppfølging undervegs.

Les meir om stillinga og søk her