Heim / Nyhende / Vi arrangerer Business HUB i Florø!

Vi arrangerer Business HUB i Florø!

Business HUB er arenaen der vi går inn til kjernen i dagens logistikkval – behova bak dei, og evna næringa har til å levere løysingar som er robuste og effektive. I spennet mellom behov og evne ligg moglegheitsrommet vi skal utforske. Business HUB Florø samlar dei som sender, tek imot og handterer varer – og aktørane som blir påverka av transporten i kvardagen. Målet er å skape betre forståing for behova i verdikjeda og leggje grunnlag for tettare samhandling.

Styret i Florø hamn

26. juni 2026

Transportval betyr noko – For næringslivet, for logistikkaktørane og for samfunnet rundt oss

Meld deg på Business HUB her

Business HUB Florø er for deg som vil forstå marknaden betre, byggje relasjonar og sjå nye moglegheiter innan kystlogistikk.

Erfaringane frå tidlegare Business HUB-arrangement viser at konseptet møter eit reelt behov. Verdien ligg i kombinasjonen av fagleg innsikt, ei brei samansetting av deltakarar og relevante møteplassar. Deltakarane trekker særleg fram moglegheita til å møte vareeigarar, leverandørar, logistikkaktørar og beslutningstakarar på ein felles arena.

I Florø vidareutviklar vi dette. På dag 2 legg vi til rette for eit meir strukturert nettverksformat der deltakarane kan møtast gjennom korte og målretta introduksjonar. Formatet gjer det enklare å finne relevante samarbeidspartnarar, kundar, leverandørar og nye moglegheiter på tvers av verdikjeda.

Den uformelle delen er framleis ein viktig del av Business HUB. Vi avsluttar den første dagen med tapas og mingling, der samtalane kan halde fram og relasjonar kan utviklast vidare.

Foredragshaldarar (fleire kjem)

  •  Bengt Solheim-Olsen, ordførar i Kinn kommune
  • DFDS Logistikk
  • North Sea Container Line (NCL)
  • Silje Sveen, Marø Havbruk / E. Karstensen Fiskeoppdrett
  • Thomas Mikkelsen, Europris Florø

Påmelding

Meld deg på Business HUB her

Tid og stad

  • 16. september kl. 12.00 – 17. september kl. 12.00
  • Florø

Business HUB Florø blir arrangert i samarbeid med Shortsea Promotion Centre.

Hold av datoen! Meir informasjon kjem.