Hjem / Nyheter / Havnespy spreidd over eit større område i Florø-bassenget

Havnespy spreidd over eit større område i Florø-bassenget

Mellombelse undersøkingar stadfestar spreiing av havnespy i Florøbassenget. Kystverket og Havforskingsinstituttet vurderer at stein frå Mortingbåen kan nyttast til å dekke til ein del av forekomstane. Det er no planlagd ei større kartlegging av havnespy i slutten av juni i Florø.

13. juni 2023

Havnespy i Florøbassenget
Mellombelse undersøkingar med undervassdrone av deponiområde for stein som skal kome frå utdjupinga av Mortingsbåen har stadfesta ei rekke mindre forekomstar av havnespy i indre deler av havnebassenget i Florø, frå sjøen nord for sentrum, til Westcon og sør for Fjordbase. Detaljerte undersøkingar av sjøbotnen er difor høgt prioritert. Havforskingsinstituttet vil kome til Florø i siste halvdel av juni for å utføre dette arbeidet.

Tett samarbeid
Kystverket, Florø Hamn, Nordfjord Hamn, Fjordbase, kommunen, Statsforvaltaren og Havforskingsinstituttet er kopla på i arbeidet med kartlegging, deling av informasjon og drøfting av tiltak etter funnet av havnespy. Det vert no jobba med å førebu informasjon til alle skip som skal til hamnene.

Krevjande
Arten veks raskt og har eit larvestadie som gjer at den kan spreie seg vidare frå dei botnfaste koloniane. Når larven flyt med straumen kan den feste seg til skip som ligg lenger enn 24 timar til kai og dermed spreie arten ytterlegare. Det er og grunn til å frykte at Florø sine mange små fritidsbåtar vil bidra til å spreie havnespy. Kommunen rår difor til at småbåteigarar sjekkar båtane sine og er nøye med å påføre nytt botnstoff som vanskeleggjer at havnespy kan etablere seg. Kommunen rår også til at det ikkje vert fiska med teiner i indre deler av hamnebassenget. Konkrete tilrådingar vil kome straks kartlegginga er fullført.

Til no er det berre funne ei rekke mindre førekomstar av havnespy, men Havforskingsinstituttet er tydelege på at ein må forventa å finne ein eller fleire større koloniar som har etablert seg litt tid tilbake. Det er venta at arten vil spreie seg vidare langs norskekysten.

Stein til nytte
Det er ikkje funne havnespy ute ved Mortingbåen og denne kan no få dobbelt nytte. Nokre av førekomstane som er funne ligg på sjøbotnen inne ved Persholmen. Her planlegg Fjordbase å utvide areala sine ved utfylling av stein. Rein stein frå Mortingbåen vil såleis både fungere som dekkmasse over havnespy og samstundes bidra til ei utviding av næringsarealet på basen. Det vert no jobba med ein plan for å fylle stein slik at  ein dannar eit indre basseng ved Persholmen, for deretter å fylle steinen over koloniane med havnespy inne i basenget. Tiltaket i seg sjølv vil diverre ikkje ha nokon langvarig verknad på spreiinga av havnespy då det er funne mange koloniar utanfor deponiområda.

Måløy
Det er ikkje kartlagt sjøbotn i Måløy, men også her vart det funne DNA frå havnespy i vassprøver frå hamnebassenget. Ei kartlegging her er enno ikkje vurdert.

Informasjonsplakat i småbåthamnene
Kommunen vil med det første henge opp informasjonsplakatar ved slippane i småbåthamnen i Florø og Måløy.