Hjem / Nyheter / Florø hamn søker kvalitet- og miljøansvarleg

Florø hamn søker kvalitet- og miljøansvarleg

Florø hamn har til ein kvar tid mange prosjekt på gang, og vi har nyleg ferdigstilt ny kollektivterminal og kontorbygg på Fugleskjærkaia. Vi søker ein strukturert, sjølvgåande, og serviceinnstilt person som kan hjelpe oss med å halde orden på både hamnekontoret, systema våre og sjå til at leigetakarane våre har det bra.

15. september 2023

Florø hamn KF skal vere ei attraktiv, profesjonell og framtidsretta hamn med kompetente og løysingsorienterte tilsette. Hamna sine planar og aktivitetar skal vere tufta på omsyn til miljø, klima og berekraft. Vi skal vere trygg, synleg og tett på brukarane våre.

Kan du bidra til dette ved å bli vår nye KVALITET- OG MILJØANSVARLEG?

  • Få positive og engasjerte kollegaer
  • Jobb i splitter nye, miljøvenlege lokale
  • Få den flottaste kontorutsikta i Florø by
  • Stor grad av sjølvstende til å forme si eiga stilling og kvardag

Fullstendig utlysing med stillingsutlysing finn du på kinn.kommune.no/jobb/

Søknadsfrist er 05. oktober.