Offisiell åpning – kollektivterminalen i Florø

av

Fredag 11.11 kl 11 vert kollektivterminalen på Fugleskjærkaia offisielt opna – Florø hamn inviterer til folkefest 🙂

Florø hamn KF har, som byggherre, fullført prosjektet med å få på plass ein splitter ny kollektivterminal på Fugleskjærkaia for reisande med båt (lokalt og regionalt), buss, drosje og sykkel; eit viktig knutepunkt for regionen. Årleg reiser det 180 000 passasjerar med båt over Fugleskjærkaia, og 120 000 passasjerar med buss. No har vi samla desse i eit moderne, regionalt trafikknutepunkt i Norges vestlegaste by.

Totalentreprenør er Consto, med ein rekke lokale underleverandører. Bygget vert miljøsertifisert (Breeam-NOR), med solcellepanel og jordvarme, og på kollektivterminalen er Vestland fylkeskommune hovudleigetakar. Saman legg vi til rette for framtidas låg- og nullutslepps hurtigbåtar.

Det er difor kjekt å melde at det vert fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune; Natalia Golis, som skal klippa snora og foreta den offisielle åpninga.

Arrangementet blir på Fugleskjærkaia, og det vert ingen påmelding. Alle er hjarteleg velkommen, og det vil bli enkel servering og lett underhaldning. Det vil også bli arrangert omvising på bygget etterkant av sjølve åpninga.

Velkommen på kaia!

Terminalen fra nord
Terminal fra nordøst