Heim / Om Florø hamn
Om Florø hamn
Kven og kva er vi?
Vår visjon
«Knutepunkt vest» – Florø hamn KF skal vere ei attraktiv, profesjonell og framtidsretta hamn med kompetente og løysingsorienterte tilsette.
Hamna sine planar og aktivitetar skal vere tufta på omsyn til miljø, klima og berekraft. Når Noreg omstiller seg til fornybarsamfunnet, har Florø hamn og næringslivet i vår region alle føresetnader for å vere ein viktig arena, med eksisterande kompetanse, strategisk nærleik til havet, areal til industri m.v. Det skjer mykje viktig utviklingsarbeid som posisjonerer Florø i front nasjonalt og internasjonalt på fornybarfeltet. Florø hamn KF vil bidra til å forsterke dette framtidsretta arbeidet.
Våre verdiar
Trygg, synleg, tett på
Våre mål
Florø hamn KF sitt arbeide er delt opp i fire områder:
HMS og medarbeidarar: Sikkert arbeid, kompetente og engasjerte medarbeidarar.
Berekraft: Miljø og samfunnsansvar.
Forretning: Effektiv og lønnsam infrastruktur.
Forvaltning: Synleg, enkel og tilgjengeleg.
HMS og medarbeidarar: Sikkert arbeid, kompetente og engasjerte medarbeidarar
Florø hamn skal vere ein foretrukken arbeidsplass. Dei tilsette i Florø hamn KF skal ha ein trygg arbeidskvardag og alltid komme heim frå jobb med minst like god helse som når dei kjem på jobb. Brukarane av hamna skal oppleve Florø hamn som ei trygg og sikker hamn der det er lagt rette for sikre og effektive arbeidsoperasjonar utan skade på personell, miljø og utstyr. HMS skal prioriterast på linje med forvaltning, forretning og berekraft, og der desse kjem i konflikt stillar HMS alltid først. Florø hamn KF skal vere ein attraktiv arbeidsplass der dei tilsette trivst i sin arbeidskvardag.
Berekraft: Miljø og samfunnsansvar
Florø hamn KF skal vere ein pådrivar for meir miljøvenleg transport, og meir gods på sjø. Florø hamn KF skal i tillegg vere ein pådrivar og legge til rette for nye framtidige energiberarar og
transportløysingar. Florø hamn vil legge til rette for at Florø-regionen blir ein føretrekt stad (å etablere seg) for dei som vil utvikle grøn industri og næring.
Forvaltning: Synleg, enkel og tilgjengeleg
Florø hamn KF er kommunen sitt hamnefaglege organ for den delen av Kinn kommune som før kommunesamanslåinga var Flora kommune, og skal innanfor dette geografiske virkeområdet ta hand om dei administrative og forvaltningsmessige oppgåvene som er lagt til kommunen etter hamne- og farvasslova, og føresegner gitt i medhald av lova. Florø hamn KF er sekretariat og ansvarleg for den operative drifta i Alden hamneområde, som inkluderer sikring av tryggleiken i farvatna i dei fem medlemskommunane (Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn (farvatnet sør for Bremanger) og Sunnfjord).
Forretning: Effektiv og lønnsam infrastruktur
Florø hamn KF skal vere ei drivkraft i utviklinga av kystregionen som vekstområde. Florø er eit viktig transportknutepunkt for sjø mellom Ålesund og Bergen, og innfallsporten til resten av regionen.