Heim / Om Florø hamn / Prisar
Avgifter og vederlag
Avgiftsregulativ Alden hamneområde
Farvassavgift gjeld i kommunalt farvatn i Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn (sør for Bremanger) og Sunnfjord. Avgifta gjeld når ein kjem til både offentlege og private kaier i dette området.
Prisar
Prisliste for bruk av Florø hamn sine kaier og tenester.
English version – fees and charges
Saksbehandlingsgebyr 2025
I Alden hamneområde må du betale eit gebyr når du søkjer om å gjere tiltak i sjø. Dette er i tråd med lov om hamner og farvatn.
Enkle saker:
Dette er søknader med god informasjon som vi raskt kan behandle. Desse krev opptil tre timar arbeid.
Pris: 4 200 kroner per søknad.
Større saker:
Dette er søknader som er meir krevjande å behandle. Det kan til dømes vere fordi informasjon manglar, tiltaket er komplisert, eller det trengst synfaring. Desse krev meir enn tre timar arbeid.
Pris: 8 610 kroner per søknad.
Innsyn i tidlegare regulativ og prislister
Dersom du ønsker innsyn i tidlegare regulativ og prislister, kan du nytte innsynsløysinga til Kinn kommune.
Forskrift om innkrevjing av farvassavgift
Her finn du informasjon om farvassavgifta i Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn og Sunnfjord