Restriksjonar på kai D (Hurtigrutekaia), Fugleskjærkaia

av

OPPDATERT 15.03.19: Hurtigruten får no legge til på kai D (hurtigrutekaia) igjen.

Hurtigruten har siste veka lagt lengre aust på Fugleskjærkaia enn normalt, pga utfordringar med dekket på kai D. No er det skada området ytterlegare nyansert og avgrensa, slik at vi kan åpne opp att for å legge Hurtigruten tilbake på si ordinære kai. Endra køyremønster for vogntog vil framleis gjelde. 
Endringa vil gjelde frå 15.03. 

 

Inspeksjon av kai D (Hurtigrutekaia) har avdekka svakhet i lastebæreemna på deler av kaidekket. Det vil difor bli innført restriksjonar på kaia gjeldane frå fredag (08.03) ettermiddag. Kaia vil ikkje bli nytta til lasting/lossing, kun ventekai. Hurtigruta vil difor legge til på kai E, som er kaia rett aust for noverande Hurtigrutekai (der Sanco Sword ligg i dag). Første anløp for Hurtigruta på kai E vil vere nordgåande Hurtigrute 09.03 (natt til laurdag). Reisande møter ved port ved lagerbygg som normalt, ved evt endringar vil dei få beskjed av operatør K. Jansen på staden.

Det vil i tillegg bli innført nytt køyremønster inne på kaiområdet. Dette inkluderer klare fartsbegrensingar. Vanleg innkøyring ved hovudporten til Fugleskjærkaia vil gjelde som før, men inne på området vil ein måtte køyre tettare lagerbygget og laste/losse på tilvist plass frå operatør K. Jansen. Område med restriksjonar vil vere avgrensa vil bli gjerda inne for å unngå belastning av tyngre køyretøy. K. Jansen vil gje eigen informasjon til transportørar som køyrer fast på Fugleskjærkaia.

Vi ser oss lei for ulempa dette medfører. Det vert jobba med både midlertidige og langsiktige løysingar for at ulempa skal vere så liten og kortvarig som mogleg.

Evt spørsmål kan rettast til hamn@flora.kommune.no.

 

Sjå vedlagt kart for skildring. Kartutsnittkjelde er www.kystinfo.no.