Saman om grøn skipsfart

av

Florø hamn går inn på eigarsida av selskapet Skipskraft, og dermed skal dei saman med SFE drifte landstraumsanlegga i Florø.

Tettare samarbeid

Florø Hamn opna i juni sine første landstraumsanlegg for skipstrafikk i Florø. På kaia i Florø sentrum kan no seks fartøy nytte anlegget på same tid, og på Botnastranda er det kapasitet for to. Anlegga skal bli drifta av det felleseige selskapet Skipskraft AS.

  • Samarbeidet mellom hamna og kraftselskapet har vore ein suksess frå start. No har vi selskapet Skipskraft i lag som ein grøn fellesnemnar, og vi gler oss over at vi er ein del av den grøne omstillinga av Florø, seier hamnesjef for Florø Hamn Linda Mortensen Midtbø.

Konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti er samd.

  • Tilrettelegging for landstraum for skipsfarten vil bidra til ein monaleg reduksjon i utsleppa knytt til sjøtransporten og auke bruken av fornybar energi. Derfor meiner vi at etablering av landstraum for skip er ei rett satsing for SFE, seier konsernsjef Johannes Rauboti.

Det neste på planen er å aktivt informere om det grøne tilbodet i hamna slik at fleire skip får løysingar for å ta i mot landstraum på sine fartøy.

 

Kuttar utslepp i Florø

Florø hamn er mellom dei mest trafikkerte hamnene i regionen og sjøfarten her står for 67% av klimagassutsleppa i Florø.

  • Sjølv om 67% også inkluderer sjøgåande skip, vil eit tilbod om landstraum gje eit betydeleg kutt i utsleppa lokalt, seier avdelingsleiar for Berekraftspartnar i SFE og dagleg leiar i Skipskraft, Regine Johansen.

Tilbodet om landstraum har vore populært og Johansen er godt fornøgd med klimabidraga landstraumanlegget har gitt so langt:

  • Kvart einaste skip som har vore tilkopla anlegget har gjennomsnittleg spart samfunnet for 2,5 gongar det ein vanleg personbil slepp ut årleg.

Elektrifisering av hamna vil òg redusere støy og lokal ureining i sentrumskjerna i Florø, i tillegg til at det gir båtane eit rimelegare alternativ enn å drifte på hjelpemotorar når dei ligg til kai.

Saman om Skipskraft