Septemberbrevet 2020

av

Her er årets tredje utgåve av vårt kvartalsvise nyhetsbrev. Nyhetsbreva er eit supplement til dei halvårlege brukarmøta, og om det er noko brukarane saknar eller vil vite meir om, er det berre å ta kontakt på hamn@kinn.kommune.no.

 

Covid 19 og båttrafikken

Hurtigruten/kystruta har i løpet av sommaren trappa opp att rutetilbodet langs kysten. Fredag 18 september var det fem av elleve skip langs Norskekysten som var i drift. Hurtigruten meldte i midlertidig den dagen at dei vil igjen trappe ned att til to skip i rute; MS Kong Harald og Polarlys. Dette med bakgrunn i auka reiserestriksjonar. Og frå 02 oktober vil Florø sitte igjen med eit svært redusert kystrutetilbod.

For Florø er dette kritisk då vi i stor grad misser ei godsrute med fast regularitet. Staten subsidierer berre kystrute med gods i Nord-Norge, mens subsidie på passasjerrute gjeld alle 34 stopp langs Norskekysten. Likevel er ei slik godsrute for stykkgods, med to daglege anløp, viktig for Florø då den skapar god regularitet og forutsigbarhet. Det har vert til dømes enkelt for oppdrettsnæringa å sende gods til aktivitet nordpå, og erfaringa siste halve året har vist at når vi sidan mars har hatt ingen og liten faste ruter innan dette segmentet, så går godset frå sjø til veg. Vi har andre ruter langs kysten, men dei som ikkje har Florø som faste ruter – men spot. Dei er ofte fulle eller har ikkje same regulariteten. Det gjer det utfordrande for operatørane, som til dømes K. Jansen, å selje inn sjøvegen. Når sjøtransport vert erstatta med vegtransport vert miljøet taparen. Slik det ser ut no vert dette langvarig, og det er bekymringsfullt for Florø.

 

Kollektivterminalen på Fugleskjærkaia

Tidlegare denne månaden vart det klart at Florø hamn vil inngå samspelskontrakt med Consto for konkurransen «Totalentreprise med samspel for kollektivterminal og kontorbygg på Fugleskjærkaia». Det kom inn tre tilbod, der to vart avvist, og vi ser fram til å starte på samspelsfasen saman med Consto. Denne perioden vil vare fram til midten av desember, og om alt går som planlagd vil hamnestyret i årsskiftet kunne ta stilling til om endeleg byggekontrakt skal signerast. I samspelsfasen er det fleire ting som må på plass. Kontorbygget er lyst ut med tre etasjar, med opsjon på fjerde. Status på leigetakarar vil avgjere om fjerde etasje vil bli bygd eller ikkje. Oppsett på innreiing, gjennomføring, planar på uteområdet og veldig mykje meir. Det er ei spennande og travel tid vi har i møte, og vi gledar oss til det endeleg resultatet er på plass.

 

Hamneplan og simulatortest

28 august fekk vi endeleg gjennomført den lenge planlagde simulatortesten vedrørande innseglinga til Gunhildvågen. Testen var utført i samarbeid med Kystverket si losteneste og kaptein frå North Sea Container Line. Den syner at den eksisterande offentlege kaia i Gunhildvågen vil vere lite gunstig til utskiping av containere med linjefartya som går langs kysten, med sør-sørvestlege vindar over 10 m/s. Innseglinga gjennom Måsholmsundet er trong, det er ingen retrettmoglegheitar og «point of no return» er passert vest for Måsholmen før ein entrar sundet. Med omsyn til tryggleik og tilkomst – både for skip og miljø, er ikkje den offentlege kaia i Gunhildvågen tilråda for denne type trafikk (fartøystype og storleik) som den eksisterande containertrafikken representerer. For utskiping av containere frå området må ein inkludere Måsholmen som næringsareal. Ved etablere to djupvasskaier (ei sør-nord, ei aust-vest) ved Håskjæra heilt vest for Måsholmen kan ein oppnå god regularitet opp mot 20 m/s.

Det vart i etterkant av testen haldt eit evalueringsmøte med næringslivet, hamnestyret og relevante aktørar frå kommunen, der testen og vegen vidare vart drøfta. Næringslivet er klinkane klar på at ein treng meir næringsareal i Gunhildvågen. I næringsområdet Gunhildvågen/Trolleskjæret er det i dag allereie ei brei etablering av marin næringsverksemd, hovudsakleg fiskerirelatert, og det er press på det eksisterande tilgjengelege arealet. Næringa er tydeleg på det trengs meir areal for at aktørane kan utvikle eigen drift og dermed også næringsbyen Florø. Dette er mogleg å løyse ved å ta i bruk Måsholmen, rett vest for Trolleskjæret, til næring og knytte dette til eksisterande næringsareal. På bakgrunn av dette har Florø hamn meldt inn til Kinn kommune at vi tilrår difor at ein i arbeidet med kommunedelplan for Florølandet-Brandsøy undersøker høve for å endre status på Måsholmen frå LNF til næring slik at arealet kan nyttast til t.d. fiskeindustri, lager og naudsynt infrastruktur.

Planarbeidet bør også omfatte det grunne sjøarealet vest og nord for Måsholmen (inkludert Håskjera), samt sundet mellom Trolleskjæret og Måsholmen. Då kan dette arealet kan takast i bruk ved utfylling eller på anna måte, og gjennom dette auke det samla næringsarealet monaleg.

 

Dette var litt om nokre av sakene vi jobbar med for tida. Neste gang vil det komme meir om landstraumsprosjektet, der det fysiske arbeidet nettopp er starta opp. Om de har innspel eller saker de ønskjer å løfte er det berre å ta kontakt.

Ønskjer alle ein riktig fin haust.

28.09.2020
Linda Mortensen Midtbø
Hamnesjef.

Simulatortest 28082020