Heim / Tenester / Avfallshandtering

Avfallshandtering

Florø hamn KF har mottak for avfall og lasterestar frå skip, i tråd med nasjonale miljøreglar. Alle fartøy som kjem til Florø skal levere avfall her, med mindre dei har god nok lagringsplass om bord til å levere det i neste hamn.

Florø hamn KF har ein eigen plan for handtering av avfall frå skip og båtar som brukar hamnene i Kinn kommune sør for Bremanger. Målet er å ta vare på miljøet og sørge for at alt avfall blir levert og behandla på ein trygg og lovleg måte.

Levering av avfall

Hovudmottaket for skipsavfall er på Fugleskjærkaia.
Ved dei andre kaiene må henting av avfall avtalast på førehand med hamnevakta, eller ein blir vist vidare til Fugleskjærkaia for levering.

På Fugleskjærkaia kan du levere:

  • vanleg avfall (mat, plast, papir, restavfall)

  • elektronisk avfall

  • Lasterestar/lasterelatert avfall – Må avtalast med hamnevakta på førehand.
  • mindre mengder farleg avfall/spesialavfall t.d. spillolje og anna oljehaldige væsker Må avtalast med hamnevakta på førehand.

Gjestebrygga

Ved gjestebrygga i Florø er det restavfallcontainerar som er reservert for båtgjestane. Containerane står i låst bygg ved servicehuset, og koden får du ved betaling av hamneavgifta. Farleg avfall må leverast til godkjent miljøstasjon.

Gebyr og ordningar

Alle skip betaler eit mindre, fast gebyr ved anløp til Florø hamn sine kaier. Gebyret dekker vanleg avfallshandtering.
Større mengder eller spesialavfall blir fakturert etter faktisk mengde.

Slik melder du frå om avvik

Dersom du meiner at avfallsmottaket i ei hamn ikkje fungerer som det skal, kan du melde frå.

  1. Fyll ut avviksskjema for melding om mangelfulle mottaksforhold.
    Dette gjeld for alle hamner i Kinn kommune sør for Bremanger – også dei som ikkje er nemnde i avfallsplanen.

  2. Send skjemaet på e-post til hamn@kinn.kommune.no

Når du har sendt inn skjemaet, blir det registrert i Florø hamn sitt system og sendt vidare til ansvarleg for den aktuelle hamna.
Du skal få svar innan tre veker om korleis avviket blir følgt opp.

Dersom du ikkje er nøgd med svaret, kan du klage til Statsforvaltaren i Vestland.

Fullstendig avfallsplan

Nedanfor finn du fullstendig avfallsplan i to deler, i PDF-format.

Del A

Offentlege hamner, den offentlege gjestebrygga og industrihamner i Kinn kommune (sør for Bremanger).

Avfallsplan for Florø hamn – Del A

Del B

Private småbåthamner i Kinn kommune (sør for Bremanger).

Avfallsplan for Florø hamn – Del B

Portrettbilde av Ørjan Storesund

Lurer du på noko? Ta kontakt med meg!

Ørjan Storesund
Driftsleiar

Mobil: +47 93 65 07 37
E-post: orjan.storesund@kinn.kommune.no