Hjem / Tenester / ISPS

ISPS

ISPS Code – International Ship and Port Facility Security Code. Dette er det internasjonale regelverket for sikring av skip og hamneanlegg vedtatt av FNs sjøfartsorganisasjon(IMO) 12. desember 2002.

Regelverket gjeld for hamneanlegg som betjener følgjande skip i internasjonal fart:

a) Passasjerskip, herunder hurtiggåande passasjerskip,
b) lasteskip, herunder hurtiggående lasteskip, med bruttotonnasje 500 eller meir, og
c) flyttbare boreinnretningar som forflyttast ved hjelp av eige framdriftsmaskineri.

Alle skip som har eit internasjonalt sikringssertifikat (ISSC) vert rekna for å vere til einkvar tid å vere i internasjonal fart.

Adgangskontroll Florø hamn (2024)

ISPS-vederlag farty

ISPS-fartøy betalar eit vederlag på kr. 0,27/bt pr døgn.

ISPS- andre aktørar

Transportsikringskontrakt
Faste transportørar, leverandørar, brukarar og andre leigetakarar i ISPS-anlegget til Florø hamn KF kan signere transportsikringskontrakt (tidlegare kalla «Sikkerheitserklæring frå fast aktør»). Om det er tvil om at aktør ikkje held pliktane i transportsikringskontrakta vert aktør rekna som utan transportsikringsavtale.

Alle aktørar som ønskjer ein transportsikringsavtale må søke Florø hamn KF ved å sende ei henvending til hamn@kinn.kommune.no. Det er vederlagsfritt å få transportsikringskontrakt. Transportsikringsavtalen er eit krav for å få utstedt ISPS adgangskort og den unntek aktøren frå kravet om 5% gjennomsøking og kontroll ved entring av ISPS-området ved nivå 1.

Transportsikringskontrakt

Kurs

Godkjent ISPS-kurs er personleg og kursdeltakar må skrive ut/lagre kursbevis etter gjennomført kurs. Godkjent kursbevis må framleggast for å få adgangskort. Tilsvarande kurs frå andre ISPS-terminaler vert godkjent som gjennomført ISPS-kurs ved framlegging av kursbevis.

Adgangskort

Adgangskortet er personleg og kan inkludera adgang for køyretøy. Føresetnadane for å få adgangskort er godkjent ISPS-kurs og gyldig transportsikringskontrakt.

Prisar

ISPS-kurs kr 250 per kurs
Utsteding ISPS-adgangskort: kr 265 per kort
Årleg vederlag for ISPS-adgang : kr 318 per kort
Gebyr for tapt/ødelagt ISPS-kort, inkludert lånekort : kr 424 per kort
Adgangskort eldre enn 5 år kan skiftast ut vederlagsfritt.
Midlertidig køyretilgang: kr 53 pr døgn

Besøkande utan bil vert gitt tilgang kostnadsfritt.

Tilgang køyretøy utan adgangskort

Midlertidig kjøretilgang vert belasta pr kalenderdøgn for besøkande til terminalen for gods- og varetransport. Dette vert fakturert etterskotsvis og fakturering vert gjennomført 4 gongar i året. Generelt anbefalast det å inngå ein transportsikringskontrakt.

Privatkundar som kan framvise gyldig dokumentasjon på henting av varer, vil ikkje bli lasta for vederlaget. Det er speditørens ansvar å utstede dokumentasjon til privatkundar.

Lasting og/eller lossing av ISPS-farty

Ved lasting/lossing av ISPS-farty ved Florø hamn KF sine kaier så er det ønskjeleg at aktør har inngått ein transportsikringskontrakt og har godkjent personell som kan utføre sikringsoppgåver i tillegg til laste- og losseoperasjonar. Aktørar som ikkje har denne kontrakta eller godkjent sikringspersonell som kan ivareta pliktene i sikringsplanen, må tinge godkjent sikringspersonell av Florø hamn KF for gjennomføring av laste- og losseoperasjonar. Aktør som lastar og/eller lossar vert fakturert pr time, frå ein time før ankomst av farty til ein time etter avgang av farty etter prisar oppgitt under «fortøyning/oppmøte».

ISPS- passasjerfartøy betalar i tillegg eit vederlag på kr. 19,82,- pr. passasjer.

Alle farty over 15 meter som nyttar seg av ISPS-terminal skal betale ISPS-vederlag uavhengig om fartyet er eit ISSC-farty eller ikkje. Fartøy som ikkje har ISSC-sertifikat er fritatt for ISPS-vederlag ved anløp der hensikta kun er bunkring av drivstoff og bunkringspersonell er tilstades under heile anløpet, og ISPS-infrastrukturen elles ikkje vert nytta.

Dersom eit fartøy som følgje av auka sikringsnivå eller andre krav om bord krev ekstra tryggingstiltak under hamneopphaldet vil kostnadane for desse tilleggstiltaka lastast rederiet. Dette inkluderar heiltidsbemanna adgangsport ved cruiseanløp.