Heim / Tenester / Søknad om tiltak i sjø

Søknad om tiltak i sjø

Skal du bygge, grave eller gjere anna arbeid i sjøen, må du søke om løyve.

Tiltaka kan vere både mellombelse og permanente. Er du usikker på om du må søke? Ta gjerne kontakt med oss i Florø hamn – vi hjelper deg gjerne!

Kven behandlar søknaden?

Florø hamn KF behandlar slike søknader på vegner av kommunane i Alden hamneområde:
Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn (sør for Bremanger) og Sunnfjord.

Send søknaden til postmottaket i kommunen der tiltaket skal skje. Då kjem søknaden fram til dei rette avdelingane (til dømes planavdelinga), og du får eit samla svar.

Dette bør vere med i søknaden

  • Namn og kontaktinfo til deg som søker, inkludert organisasjonsnummer/personnummer
  • Adresse og gards-/bruksnummer for staden der tiltaket skal gjerast
  • Skildring av tiltaket, inkludert mål, merking, fortøying og plassering av landgang (Tips: Bruk gjerne kystinfo.no for å finne denne informasjonen)
  • Sjøkartutsnitt (målestokk 1:1000 eller 1:500) som viser kor tiltaket er i sjøen, og i forhold til nærliggande områder med brygger, kaier og naboeigedomar
  • Posisjonar i WGS 84 (bruk gjerne kystinfo.no)
  • For større byggverk som for eksempel moloar: legg ved teikningar som viser korleis det skal byggast, grunnplan, djupne, fundament og botntilhøve
  • Sei frå om tiltaket er mellombels eller permanent
  • Legg ved dokumentasjon på at tiltaket følgjer arealplanen, eller at du har fått dispensasjon frå kommunen
  • Fakturamottakar med adresse
  • Ved arrangement i strandsona: vis korleis du sikrar tryggleiken, både for deltakarar og båtar i området. Hugs vakttelefon under arrangementet
  • Eventuell anna informasjon som kan vere nyttig

Saksbehandlingsgebyr

I Alden hamneområde må du betale eit gebyr når du søker om å gjere tiltak i sjø. Dette er i tråd med lov om hamner og farvatn.

Enkle saker:
Dette er søknader med god informasjon som vi raskt kan behandle. Desse krev opptil tre timar arbeid.
Pris 4 500 kroner per søknad.

Større saker:
Dette er søknader som er meir krevjande å behandle. Det kan til dømes vere fordi informasjon manglar, tiltaket er komplisert, eller det trengst synfaring. Desse krev meir enn tre timar arbeid.
Pris 8 800 kroner per søknad.

Nyttige hjelpemiddel for å utarbeide søknad

Bruk gjerne kystinfo.no når du skal lage søknaden. Her finn du:

  • Grenser for hovud- og biled
  • Kart over farleier, fiskefelt, eigedomsgrenser og ankringsområde

  • Gards- og bruksnummer

  • Koordinatar og ulike karttypar (sjøkart, ECDIS-kart, satellittfoto m.m.)

Kystinfo gjer det lettare å finne rett informasjon for å lage ein god søknad.

Lovverk

Søknader om tiltak i sjø, vert behandla etter hamne- og farvasslova §14.