Tryggare trafikkmønster på Fugleskjærkaia.

av

Oppmerkings arbeidet er ferdig og nye skilt er kommen på plass.

 

Flora Hamn KF i samarbeid med Florø parkering har arbeida mot eit tryggare trafikkmønster på Fugleskjærkaia. Dette for å unngå feilparkeringar og situasjonar som ikkje er heldige med tanke på tryggleiken til dei reisande.

Nyleg har Florø Parkering fått godkjent søknaden til å bruke vedlegg 1 skilt på Fugleskjærkaia. Det har vert fleire møter med aktørane som bruker området for å komme fram til ei løysning som er både brukar vennleg og resultere i eit tryggare trafikkbilde.

No er planlegging, oppmerking og skilting arbeidet ferdig, og parkeringstiltak blir gjeldande frå: 14.10.2019, Kl. 08:00

Florø Parkering vil i tida framover ha eit sterkare nærvær på området, ta gjerne kontakt om dykk har noko spørsmål.

 

Andrea Bjørkaas Hall                                                                                                  Prosjektleiar

Bilete:  Prosjektleiar Bjørkaas Hall (Flora Hamn KF)  og Dagleg leiar Arnesen (Florø Parkering ) Skilt: Parkering forbode utanfor oppmerka område (P-Plassar)