Vedtak frå hamnestyret

av

Hamnestyre har vedtekne endringar i prosjekt kollektivterminal og kontorbygg på Fugleskjærkaia.

For å sikre realisering av prosjektet kollektivterminal og kontorbygg på Fugleskjærkaia har Hamnestyret i Flora Hamn KF vedteke å redusere størrelsen på bygget for å tilpasse det til etterspørselen i marknaden. Kontorbygget som vert lyst ut er med tre etasjar, der øvste etasje på kontorbygget skal vere same størrelse som femte etasje i original planteikningar.

Vi opplever at marknaden er annleis no enn den var mars 2019, der fleire aktørar som tidlegare har uttrykt interesse, av ulike grunnar, no ikkje er aktuelle lenger. Samstundes har det i løpet av det siste året kome til fleire nye prosjekt i hamna som krev investeringar.

Avgjersla er teken basert på marknadssituasjonen og økonomisk risiko vurdert opp mot samla investeringar og venta kontantstraum i komande år.

Ved utlysning vil det bli gjeven meir informasjon.